Kundetur med Sparebanken Sogn og Fjordane til Rosendal og Haugesund 21.-24. august 2018

  • Dato

    21.08.2018

  • Lokasjon

    Rosendal og Haugesund

  • Avreise frå

    Førde

  • Lengd

    4 dagar

  • Pris

    Kr. 7960,-

  • Kontakt Travelnet Fjordane Reisebyrå for påmelding.

På denne turen skal du oppleve vakker vestlandsnatur. Det vert overnatting i Rosendal og i Haugesund.
Vi får spennande omvisingar, mykje god mat og sjølvsagt sosialt samvære med gode turvener.

Om du ønsker kan du bestille reisa direkte her, eller ta kontakt for meir informasjon på Travelnet Fjordane Reisebyrå.

Turpris kr 7960,-

Depositum kr 1000,- per person må betalast ved bestilling. Restbeløp vert fakturert 6-8 veker før avreise.

kr 1.000,00

Tomt på lager

Vel ta reisande før du trykkjer «Legg i korga». Kjøpet vert ikkje gjennomført før du har fullført bestillinga på neste side. 

Prisar

TurprisKr. 7960,-
Tillegg for enkeltromKr. 1300,-

Inkludert i prisen:

  • Turbuss
  • Ferje- og bom utgifter
  • 3 overnattingar i delt dobbeltrom
  • 3 frukostar, 4 lunsjar, 3 middagar
  • Omvising i følge program

Turleiarar frå Sparebanken Sogn og Fjordane

Dag 1,tysdag 21. august

Avreise frå Førde  kl. 09.00. Reiseruta går over Romarheimsdalen til Arna og Samnanger. Vi køyrar vidare til Norheimsund. Her får vi servert lunsj. Etter mat skal vi vitje Hardanger Fartøyvernsenter. Eit levande maritimt museum med eigne verkstader, utstillingar og kafé.
Turen går så vidare langs Hardangerfjorden, ferja frå Tørvikbukt til Jondal og vidare til Rosendal der vi sjekkar inn på Rosendal Fjordhotell.

Før middag på hotellet er det tid til ein spasertur i denne vakre bygda.

Dag 2,onsdag 22. august

Etter frukost pakker vi bagasje og gjer oss klar til besøk på Rosendal Baroni. Lokal guide tek oss rundt og fortel om historia til denne storslåtte eigedomen i Rosendal  som Karen Mowatt og Ludvig Rosenkrantz  bygde. Eit besøk på Baroniet Rosendal er ei vandring gjennom ulike stilepokar frå 1665 til slik dei siste eigarane forlèt det i 1927. Lunsj på Baroniet etter omvisinga.

Reisa går vidare mot Haugesund. Vi passerer Uskedal, Husnes og Valen. Vel framme sjekkar vi inn på Scandic Maritim Hotel. Middag og sosialt samvær på hotellet i Haugesund.

Dag 3, torsdag 23. august

Vi startar dagen med frukost på hotellet før vi går i bussen og lokalguide tek oss på ein rundtur i Haugesund og omegn.

Vi køyrer frå Haugesund til Skudeneshavn. Ytterst på sydspissen av Karmøy, med fyrlyktene ut mot Skudefjorden og Nordsjøen, ligg den sjarmerande seglskutebyen Skudeneshavn. Historia går tilbake til tidleg på 1800-tallet då sildefisket skapte hektisk verksemd i byen, og det som i dag vert kalla Gamlebyen vaks fram. Her vi får servert lunsj på Lanternen Kro.

På turen vidare  stoppar vi ved Harald støtta. Køyrer vidare til Avaldsnes som kan by på fleire fine opplevingar. Vi skal mellom anna innom Vigsnes Grubemuseum. Vigsnes kobberverk var i si tid det største og mest moderne i Nord-Europa. Tilbake i Haugesund er ettermiddagen til fri disposisjon.

Vi møtast for middag og sosialt samvær på hotellet om kvelden.

Dag 4, fredag 24. august

Etter frukost startar vi på heimreisa. Vi køyrer trekantsambandet tilbake til Hordaland.

Turen går utanom allfarveg. Vi tek ein avstikkar til Moster, der vi skal sjå Moster Gamle Kyrkje og Steinkrossen på Vetahaugen. Snorre Sturlason fortel i Kongesogene at Olav Trygvason bygde ei kyrkje på Moster då han kom til Norge i år 995, det er på denne staden Moster Gamle Kyrkje ligg

Steinkrossen som står på Vetahaugen i dag, vart reist i 1924 av Moster Mållag på 900-års jubileet for Kristenretten, og krossen vart avduka av HM Kong Haakon 7.

Etter omvisinga her, tek vi lunsj før ferda går vidare nordover til  Sandvikvåg, over til Halhjem, tilbake i Førde fredag kveld.

.