Kundetur til Møre og Romsdal 20.-23. august 2019

-med Sparebanken Sogn og Fjordane-

  • Dato

    20.08.2019

  • Lokasjon

    Molde

  • Avreise frå

    Førde

  • Lengd

    4 dagar

  • Pris

    Kr. 8500,-

  • Tillegg for enkeltrom

    kr 1400,-

Møre og Romsdal med Fosnavåg, Atlanterhavsvegen, Håholmen, Trollstigen og Geiranger.
Storhavet rett ut, små fiskevær og majestetiske fjell, dette er Mørekysten i eit nøtteskal.
Vi skal både heilt ut til havet, køyre på svingete vegar, sjå Geirangerfjorden sno seg mellom bratte dalsider,  vi skal bu godt og ete godt. Bli med på tur!

Om du ønsker kan du bestille reisa direkte her, eller ta kontakt for meir informasjon på Travelnet Fjordane Reisebyrå.

Turpris kr 8500,-

Depositum kr 1000,- per person må betalast ved bestilling. Restbeløp vert fakturert 6-8 veker før avreise.

kr 1.000,00

Namn på reisande 1

Du må fylle ut dette feltet.
Du må fylle ut dette feltet.
This field can't be Empty
This field can't be Empty

Vel ta reisande før du trykkjer «Legg i korga». Kjøpet vert ikkje gjennomført før du har fullført bestillinga på neste side. 

Prisar

TurprisKr. 8500.-
Tillegg for enkeltromKr. 1400,-

Inkludert i prisen:

  • Turbuss frå Firda Billag
  • 3 netter i delt dobbeltrom
  • 4 frokost, 4 lunsj, 3 middag
  • Ferjer
  • Guide som i program,
  • Håholmen, med filmframsyning
  • Båt til og frå Håholmen
  • Inngangsbillett Atlanterhavsparken
  • Inngangsbillett Ivar Aasen tunet
  • Turleiarar frå Sparebanken Sogn og Fjordane

Dag 1, tysdag 20. august

Førde-Nordfjordeid- Grodås – Fosnavåg 223 km

Vi startar tidleg frå Førde, kl 09.00 er vi klar og køyrer nordover, mot Nordfjordeid. Første stogg er Sagastad. Myklebustskipet vart greve ut av «Rundehåjen» på garden Myklebust på Nordfjordeid i 1874, fleire år før Gokstad (1880) og Oseberg (1904). Røynde båtbyggjarar frå Bjørkedalen i Volda starta hausten 2016 å byggje det  nye Myklebustskipet slik vi trur skipet kunne sett ut. Vidare går turen forbi Hornindalsvatnet til Grodås. På First Hotel Raftevold skal vi ha lunsj, vi tek ei god pause her. Etappa vidare går Kvivsvegen mot Volda.
I Austefjorden finn vi den 2,5 m høge paddestatua, kanskje må vi ta den i augesyn?
Før vi svingar av mot Eiksundtunellen, skal vi innom Ivar Aasen tunet. Omvisning her før siste etappe mot  Fosnavåg.  Vi sjekkar inn på  Thon Hotel Fosnavåg, her bur vi første natta.
Dersom tida og veret tillet det, vert det ein liten tur til Runde.
Felles 3 retters middag og sosialt samvær på hotellet

Dag 2, onsdag 21. august

Fosnavåg- Ålesund- Molde 132 km

Etter frukost går turen vidare til Ålesund. Første stogg er  Atlanterhavsparken, som er eit akvarieanlegg i Ålesund, og eit av Nord-Europa sine største saltvassakvarie. Akvariet ligg på Tueneset ved Skarbøvika, heilt ut mot havet i bydelen Hessa, ca. tre km frå Ålesund
Historia om Ålesund kjenner kanskje dei fleste, men ein repetisjon kan også vere på sin plass.
Lunsj i dag skal vi ha på Aksla, restauranten med den flotte utsikta over havet og byen. Vidare går turen til Vestnes, der vi tek ferje over til Molde. Ein guida tur i Molde, før vi sjekkar inn på Scandic Hotel Seilet, der vi skal bu.
Frå utsiktspunktet Varden (407 moh) , ser vi det kjende Moldepanoramaet med 222 delvis snøkledde fjelltopper. På klare dagar ser vi heilt til fiskeværet Ona og den frykta havstrekninga Hustadvika.
Felles middag med sosialt samvær på hotellet.

Dag 3, torsdag 22. august

Molde- Lyngstad- Atlanterhavsvegen-Håholmen- Bud-Molde 132 km

Vi skal på ny utforske meir av Romsdal. Turen går først til Lyngstad, den vesle bygda der det er ein liten fabrikk som lagar nydelege gode ullkle, Lanullva. ( www.lanullva.no )Her vert det høve til ein liten handel for dei som ynskjer det. Vi skal lenger ut i havet, og over Atlanterhavsvegen, denne fantastiske vegstrekninga som i 2005 vart kåra til «århundrets byggverk». Her kan du gå på Svevestien, og få ei fantastisk utsikt over storhavet. Tilbake ved Geitøya blir vi frakta over til Håholmen. Det verneverdige fiskeværet Håholmen på Hustadvika har vore møtestad, hamn, heim og  arbeidsplass for fiskarar, sjøfolk, handelsmenn og reisande i fleire  hundre år. Håholmen har vore «klippfiskvær» sidan byrjinga av 1700-talet. I 1898 kjøpte Bård Bergseth, Ragnar Thorseth sin morfar, staden, og slo seg ned her. Været var i drift fram til 1960 og familien Bergseth budde her fast fram til 1978. I 1989 tok Kari og Ragnar Thorseth over drifta og ga det tre hundre år gamle fiskeværet nytt liv. Igjen er den vakre og verutsette øya blitt ein attraktiv møtestad

Tilbake i Molde i god tid før felles middag og sosialt samvær.

Dag 4, fredag 23. august

Molde- Trollstien – Geiranger- Stryn- Førde 340km

Vi nyt frukost før vi pakkar oss ut i bussen. Kl. 09.00 er vi klar for avreise.  På veg til Åndalsnes skal vi først ha ferje frå Sølsnes til Åfarnes. Turen går så via Åndalsnes , opp Trollstien. Her tek vi ein stogg, utsikta ned dalen er fantastisk herifrå. Vidare ned fjellet mot Valldal, på vegen stoggar vi ved Gudbrandsjuvet, eit elvegjel i Valldøla, 5m smalt og 25m djupt. Ein stor turistattraksjon. Jordbærstova står klar med lunsj når vi kjem dit.
Vidare går turen med ferje frå Linge til Eidsdal, vi køyrer mot Geiranger, og ved Ørnesvingen kan vi stogge for å sjå utover Geirangerfjorden og bygda.
Dersom veret er passeleg bra, tek vi ein avstikkar på Dalsnibba før, før vi startar på resten av etappa som går mot Strynefjellet, Stryn, Utvikfjellet og heim . Undervegs stogg der det måtte høve.