Kulturhelg på Thon Hotel Jølster 8.-10. november 2019

  • Dato

    08.11.19

  • Lokasjon

    Jølster

  • Lengd

    3 dagar

  • Pris

    Pris fredag – søndag kr 3250.-

    Pris laurdag – søndag kr 2500.-

    Pris kun kulturprogram laurdag frå kl. 10.00- til kl. 17.00  kr 750.-

    Om de ynskjer opphald kun laurdag til søndag

    eller kun skal ha billett til kulturprogram, lunsj og middag med dans

    Ring Travelnet Fjordane Reisebyrå på tlf 57725070

Når haustkveldane vert mørke, kan det vere kjekt å møtast til ei helg med kultur, song og musikk og dans i triveleg selskap!

Dette blir ei strålande helg, ikkje nøl med påmelding, frist er 4. oktober 

Om du ønsker kan du bestille reisa direkte her, eller ta kontakt for meir informasjon på Travelnet Fjordane Reisebyrå.

Pris kr 3250.-

Depositum kr 500,- per person må betalast ved bestilling. Restbeløp vert fakturert 6-8 veker før avreise.

kr 500,00

Namn på reisande 1

Du må fylle ut dette feltet.
Du må fylle ut dette feltet.
This field can't be Empty
This field can't be Empty

Vel ta reisande før du trykkjer «Legg i korga». Kjøpet vert ikkje gjennomført før du har fullført bestillinga på neste side. 

Prisar

pris fredag- søndagKr. 3250.-
pris laurdag- søndagKr. 2500.-
Tillegg for enkeltromKr 300.- per natt
Pris kun kulturprogram laurdag

Tillegg for lunsj laurdag kr 295.-

Tillegg for middag og dans laurdag kr 500.-

Kr 750.-

Lunsj søndagKr 295.-

Inkludert i prisen, opphald frå fredag til søndag

  • Overnatting  2 netter i delt dobbeltrom
  • 2 frokost
  • 2 middag
  • 1 lunsj
  • Kulturprogram  som skissert
  • Dans fredag og laurdagTillegg:
  • Reise til og frå Skei (på eiga hand)
  • Lunsj søndag, kr 295.-
  • Drikke til mat

Fredag 8.november

Vi møtest på hotellet fredag kveld, og før vi får ein

god middag vert det informasjon om opplegget for helga.

Hotellet sin dansemusikk spelar opp for dei  som ynskjer å svinge seg i dansen.

Laurdag 9. november

Vi startar med frukost, før vi skal fylle på med kultur.

Elin Pehrson Grytting  er utdanna folkedansar og musikkpedagog, og har studert lokalhistorie og forming. I 2019 kom ho ut med boka «Diktarpresten frå Nordfjord», om Claus Friman, og ho vil både fortelje om diktaren og framføre songar han har skrive.

Ove Eide, forfattar og tidlegare lektor på Firda vidaregåande skule, har skrive biografien om Jakob Sande; «Jakob Sande -liv – dikting» , som kom ut i 2006. Jørn Moen og Hege Alme er med som tonefylgje.

Duoen «Hege og Jørn» er det mange som har hatt glede av å høyre rundt om i fylket dei siste åra. Dei har  mellom anna hatt konsert på Hoven, i ulike kulturhus og på ymse samlingar. Dei vil i tillegg til å bistå Ove Eide, framføre songar og viser på norsk, frå sitt repertoar av norske songskattar.

Det vert ei god lunsjpause, med tid for kvile etterpå, eller ein kanskje ein tur i bassenget?

På ettermiddagen vert det ei økt med «syng med oss» Dette vert ein time med korsong og allsong. Dei syngane damene i Rygg Songlag, med sin dirigent Hanne Grete Heen, leiar denne songtimen. Det er berre å renske stemma, og bli med i songen😊

Etter ein god middag er det tid igjen tid for ein svingom til hotellet sin dansemusikk.

-Med atterhald om endring i program.-

Søndag 10.november

Søndag 10. november

Dette er ein roleg dag, og vi avsluttar etter  frukost.

Har du lyst å nyte ein god lunsj på Thon Hotel Jølster, kan dette tingast mot tillegg i pris.

Gjennom helga er det god tid til å gå tur, besøke bassenget eller berre ta det roleg i salongen.

Skei er knutepunkt for buss, her kjem og går det rutebussar både frå og til  Nordfjord, Sunnfjord og Sogn, så det skal vere greitt å ta seg til Skei

Påmelding seinast 20. september til

Travelnet Fjordane Reisebyrå

Tlf: 57725090

Email: sandane@fjordreis.no