Juletur til Stockholm 29. november -2.desember 2019

– opplev julemarked på Skansen og i Gamla Stan –

  • Dato

    29.11.2019

  • Stockholm

    Sverige

  • Avreise frå

    Bergen

  • Lengd

    4 dagar

  • Pris

    Kr. 7800,-

  • Tillegg for enkeltrom

    kr. 1690,-

Det vakre og julepynta Stockholm er fine rammer for årets juletur. I november vert alle gatene og torga pynta. Og «Jul på Skansen» har sidan 1903 vore med å gjeve folk den gode julekjensla. På denne turen kan du nyte god mat, gjere unna julehandel, vitje eit eller fleire av Stockholms museum eller berre rusle rundt i gatene og sjå på folkelivet. Alternativa er mange og du vel sjølv kva du vil bruke tida di på.

Om du ønsker kan du bestille reisa direkte her, eller ta kontakt for meir informasjon på Travelnet Fjordane Reisebyrå.

Turpris kr 7800,-

Depositum kr 2500,- per person må betalast ved bestilling. Restbeløp vert fakturert 6-8 veker før avreise.

Vel ta reisande før du trykkjer «Legg i korga». Kjøpet vert ikkje gjennomført før du har fullført bestillinga på neste side. 

Prisar

TurprisKr. 7800,-
Tillegg for enkeltromKr. 1690,-

Inkludert i prisen:

  • Flyreise Bergen – Stockholm – Bergen
  • Flyskattar og avgifter, pr. 1. november 2018
  • 3 netter i delt dobbeltrom med frukost
  • Transport t/r flyplass Stockholm
  • Inngangsbillett «Jul på Skansen»
  • 1 lunsj, 1 middag
  • Turleiar Tore Storkås

Dag 1, fredag 29. november

Avreise Flesland 29. november

Turleiar møter gruppa på Flesland og er med som tilretteleggjar på heile turen. Vi skal fly med SAS begge vegar. Flyet går frå Flesland kl. 10.40, med ankomst Arlanda kl. 12.00. Transport inn til Stockholm vert organisert. Vi skal bu på Grad Central by Scandic https://www.scandichotels.com/grandcentral

Sein lunsj irekna  pris.

Dag 2, laurdag 1. desember

Stockholm

Etter ein god frukost står dagen fri til å nytte til akkurat det du sjølv ønskjer. Handlegater, julemarknad i Gamla Stan og Vasamuseet er berre noko av det ein kan oppleve i Stockholm. Til dei som ikkje ønskjer å gå åleine er det mogleg å bli med turleiar på ei runde i byen.

Lunsj på eiga hand eller saman med turleiar, ikkje irekna pris
Middag er irekna pris.

Dag 3, søndag 2. desember

Stockholm

I dag er det «Jul på Skansen» som står på programmet. Skansen er eit stort friluftsområde med museum og dyr. Dei fleste husa er flytta dit frå andre stadar i Sverige. Til jul vert Skansen julepynta og du vil finne aktivitetar og marknadsplass inne på området. Her er høve til sjå, lære, til å få gjort litt julehandel eller til å få seg ein matbit og drikke varm sjokolande. Vi vågar nesten å garantere julestemning.

Lunsj og middag på eiga hand, ikkje irekna pris

Dag 4, måndag 2.desember

Heimreise

Flyet heim går kl. 12.35 og landar på flesland kl. 14.00.