Julemarknaden i Innsbruck er ei oppleving. Her får du alt frå korsong, konsertar, smaksprøver og gode plassar for ein matbit. Markedet ligg i Altstadt, gamlebyen, med utgangspunkt i Das Goldenen Dachl. Keiser Maximilian hadde sitt hovudsete her, og taket på bygninga var av gullbelagt, så namnet kjem derifrå. Bygninga huser i dag museum.Vi krydrar denne «julestinne» reisa med Hungerburgbahn (gondolbane) til restauranten Seegrube, som ligg på 1905 m.o.h. (ver avhengig) Her får vi servert 4-retters middag. Dette, ilag med ei fantastisk utsikt over byen og mot grensa til Italia, gjer kvelden til ei uforgløymeleg oppleving. I Innsbruck skal vi drikke Glühwein under Goldenes Dachl og gå på julemarknad i middelalder miljø. Julemarknaden i Innsbruck bind på underleg vis saman det tradisjonelle og det pulserande livet i byen. Her finn vi 195 juleboder og omkring 300 arrangement, som tilsaman utgjer det flotte tilbodet som Innsbruck kan by på i førjulstida.