Island 13.-19. juni 2019

Bade i varme kjelder, utflukt med superjeep og naturfenomen som vi berre finn på Island.

  • Dato

    13.06.2019

  • Lokasjon

    Island

  • Avreise frå

    Bergen Flesland

  • Lengd

    7 dagar

  • Pris

    Kr. 14450.-

Island er godt kjent for sin urørde og vakre natur i tillegg til å vere eit av dei mest moderne samfunna i verda med sine litt over 300.000 innbyggjarar.  Øya ligg midt ute i Nord-Atlanteren  på den midtatlantiske ryggen. Vulkansk aktivitet og Golfstraumen har virka inn på både naturen og klimaet. Kontrastrik natur, kultur, historie og det milde klimaet gjer at øya får besøk av fleire hundre tusen menneske kvart år, heile året rundt. På denne turen skal vi få med oss dei mest kjende turistattraksjonane som Thingvellir, Gullfoss og Geysir. Om du ynsker, kan du også velje bading i varme kjelder og safari med superjeep.

Om du ønsker kan du bestille reisa direkte her, eller ta kontakt for meir informasjon på Travelnet Fjordane Reisebyrå.

Turpris kr 14450,-

Depositum kr 2500,- per person må betalast ved bestilling. Restbeløp vert fakturert 6-8 veker før avreise.

kr 2.500,00

Namn på reisande 1

Du må fylle ut dette feltet.
Du må fylle ut dette feltet.
This field can't be Empty
This field can't be Empty

Vel ta reisande før du trykkjer «Legg i korga». Kjøpet vert ikkje gjennomført før du har fullført bestillinga på neste side. 

Prisar

TurprisKr. 14.450.-
Tillegg for enkeltromKr. 4570,-

Inkludert i prisen:

  • Reise Bergen -Keflavik t/ret
  • Skatt og avgift
  • 1 kolli innsjekka bagasje à 20kg
  • 6 netter i delt dobbeltrom på hotel Fron
  • Transfer frå flyplass til hotel og retur
  • 6 frukost, 3 middag, 2 lunsj
  • Lokal guide på Island
  • Utflukter, dei valfrie er med tillegg i pris
  • Turkoordinator frå Travelnet Fjordane Reisebyrå

Dag 1, torsdag 13. juni

Bergen – Reykjavik

Vi reiser frå Bergen Flesland med Icelandair. Flyet har avgang kl. 15.40, og vi landar på Keflavik kl. 16.05 lokal tid. Transfer til Reykjavik og innsjekk på hotel Fron. Felles middag.

 

Dag 2, fredag 14. juni

Den Gyldne Sirkel

Denne dagen vil by på fleire høgdepunkt  når vi gjestar nokre av Island sine mest kjende attraksjonar, Þingvellir, Gullfoss og Geysir. Første stogg på denne turen blir på ullfabrikken Alafoss i bygda Mosfellbær. Her vert det høve til å handle ullprodukt frå Island
Þingvellir er ein nasjonalpark  der det eldste Allting i verda vart etablert i 930, og som står på UNESCO si verdsarvliste. Her finn vi også kontinentalplatene og fjellsprekka Almannagja, som det knyter seg mykje historie til.
Undervegs, i Fridheimar vil vi også få innsyn i korleis islendingane utnyttar jordvarmen til både straumproduksjon og dyrking av tomatar. Vi skal få omvisning i drivhus, og her får vi servert nydeleg tomatsuppe med nybaka brød.
Vidare går turen til Geysir området der Strokkur, eit verdskjent fenomen, som med korte mellomrom sprutar varmt vatn fleire meter rett opp i lufta, ei magisk oppleving.
Vi avsluttar dagen med Gullfoss, som  er ein av dei vakraste og mest besøkte fossane på Island

Dag 3, laurdag 15. juni

Denne dagen har vi sett av til valfrie utflukter, eller om du vil, kan du  bruke dagen på eiga hand.

 

Den Blå Lagune
Ein av Island sine mest vitja attraksjonar er Den blå lagune. I kontrast til det svarte lavalandskapet rundt ligg laguna der, med sin vakre blåfarge, som ein oase. Hit dreg ein for å slappe av og senke skuldrane i herleg temperert vatn.
Laguna har et høgt  innhald av mineraler og algar som har ei velgjerande og avslappende effekt, og det er mineralet silisiumdioksid som gjev vatnet den vakre blåfargen. Laguna held herlege 37-39 grader året rundt, og er sjølvrensande. Turen går med buss frå Reykjavik, som har avgang  kvar halve time, også på retur.
Pris per person kr 1270.-, inkludert buss transport t/ret inngangsbillett, handkle, «Silicia Mud mask»
«Algae mask»  og ein valfri drink.

 
Utflukt til whisky destillery
Eimverk Destilleri er det første og einaste whisky destilleriet  på Island. Dette er ei familie bedrift, som vart  etablert i 2009, og her set dei si ære i å lage ein whisky basert på lokale råvarer.
Omvisninga er inkludert smaksprøver, og tek 1-1,5 timar
Pris per person  kr 550.- , minimum antal påmelde 4 personar
 

Dag 4, søndag 16. juni

Også i dag har vi to valfrie utflukter eller tid på eiga hand. Den eine går med superjeep og den andre er grottevandring.

 
Superjeep til Thorsmørk –Eyafjallajökull. Turen her vert køyrd med superjeep, med engelsktalande sjåfør som også er guide. Turen går til dei største naturperlene på Island,  Thorsmörk er eit vakker natur reservat som ligg mellom tre brear, og det er kun desse superjeepane som kan ta oss inn til denne staden. Vi køyrer i ulendt terreng, og over elvar for å nå denne fantastiske dalen.
Pris per person kr 1635.- som er irekna lunsjpakke. Minimum  antal påmelde 10 personar

Grottevandring
Utstyrt med hovudlykt vil  grottevandringa by på ei lett fysisk utfordring og spennande opplevingar mellom vakre fargar og formasjonar.
Lavalandskapet på Island gøymer mange spennande grotter, og fleire av desse kan vi sjå i forbindelse med denne dagsutflukta.
Nokre av grottene er delvis opplyst og andre er heilt mørke. Engelasktalande guide føl med og viser veg. Turen tek ca 3 timar, omvisninga tek ca 1 time . Det er lurt å ha på varm jakke, hanskar og hue,  for her er det ofte litt kjølig, og gode sko er viktig.  Pris per person kr 930.-

Dag 5, måndag 17.juni

Nasjonaldag på Island

Denne dagen er ein viktig dag for Island. Frå  1944 har landet hatt eige herredøme, og dagen vert feira på fødselsdagen  til den første presidenten, Jon Sigurdsson. Som her heime, vert det feira med å gå i tog, lage aktivitetar for heile familien og i tillegg til at presidenten held tale i Reykjavik, er det mange gratiskonsertar i byen. Vi har dagen til disposisjon. Felles middag på kvelden.

Dag 6, tysdag 18.juni

Snæfellsnes halvøya

Utflukta i dag går til den vakre Snæfellsnes halvøya, turen tek ca 11 timar. Her vert vi betre kjent med små fiskarlandsbyar som Stykkisholmur, Grundafjördur, Olafsvik, og Hellisandur. Vidare skal vi til Londrangar, basaltklippene som er restar av eit krater uthola av havet til si noverande form. På Snæfellsnes halvøya kan vi ikkje unngå å nemne Snæfjelssjökul. Breen er ein av dei mest kjende områda på Island, mest på grunn av romanen «Journey to the Center of earth» av Jules Verne.
Lunsj undervegs.

Dag 7, onsdag 19. juni

Heimreisedag

Etter ein god frukost vert vi henta og køyrd til Keflavik, flyavreise kl. 10.30 lokal tid,  med ankomst Bergen Flesland kl. 14.50