Irland saman med Dag Lindebjerg 12.-19. september

  • Dato

    12.09.2019

  • Lokasjon

    Irland

  • Avreise frå

    Bergen

  • Lengd

    8 dagar

  • Pris

    Kr. 19.420,-

  • Tillegg for enkeltrom

    Kr 4500,-

Dag Lindebjerg har vore i Irland ein rekke gangar og gler til å ha deg med på ein rundtur i nord, i vest og i Dublin. Irland er gjennom år blitt invadert av både nordmenn, engelskmenn og skottar. Vi skal saman med Dag få vitje dette herja, flotte landet med si dramatiske historie, sin eineståande kultur og ein heilt spesiell natur. Vi skal overnatte i Belfast, Galway og Dublin.

Om du ønsker kan du bestille reisa direkte her, eller ta kontakt for meir informasjon på Travelnet Fjordane Reisebyrå.

Turpris kr 19420,-

Depositum kr 2500,- per person må betalast ved bestilling. Restbeløp vert fakturert 6-8 veker før avreise.

kr 2.500,00

Namn på reisande 1

Du må fylle ut dette feltet.
Du må fylle ut dette feltet.
This field can't be Empty
This field can't be Empty

Vel ta reisande før du trykkjer «Legg i korga». Kjøpet vert ikkje gjennomført før du har fullført bestillinga på neste side. 

Prisar

TurprisKr. 19.420,-
Tillegg for enkeltromKr. 4500,-

Inkludert i prisen:

  • Flyreise Bergen – Dublin – Bergen
  • Flyskattar og avgifter, pr. 1. november 2018
  • 1 kolli innsjekka bagasje
  • 7 netter i delt dobbeltrom med frukost
  • Transferbuss og annan busstransport
  • Inngangsbillettar i samsvar med program
  • Lokale guidar som i program
  • 7 frukost, 3 lunsj, 7 middag
  • Kjentmann Dag Lindebjerg
  • Turleiar frå Travelnet Fjordane Reisebyrå

Dag 1, torsdag 12. september

Flesland – Dublin – Belfast.
Oppmøte på Flesland og avreise kl. 07.20, flyet går via København og landar i Dublin kl. 11.50  Vi pakkar oss i bussen og fyrste stogg på turen er kun ca. 15 minutt unna flyplassen på Malahide Castle. På Malahide skal vi både sjå oss rundt og der er høve til å kjøpe seg mat for dei som ønskjer det. Etter ein god og lang stogg her, køyrer vi nordover mot Belfast. (Køyretid til Belfast er ca. 2 timar.) På vegen nordover passerer vi nokre historiske stadar og Dag Lindebjerg vil gje oss litt innblikk med si historieforteljing. I Belfast sjekkar vi inn på hotellet.

Felles middag i Belfast.

Dag 2, fredag 13.september

 Antrimkysten (nordkysten)

Etter frukost reiser vi nordover til Portrush. I dag vil vi mellom anna vitje ruinane ved Dunluse Castle og verdas eldste whisky destillery Bushmills, samt naturfenomenet Giants Causeway.

Felles lunsj på Bushmills og middag på hotellet.

Dag 3, laurdag 14. september

Belfast by

I dag er det Belfast på programmet. Vi vitjar mellom anna Titanic Museet, gatene Falls Road og Shankill Road, samt City Hall m.m. Det vil også vere høve til litt fritid denne dagen, om noko vil shoppe.

Felles middag på kvelden.

Dag 4, søndag 15. september

Belfast – Enniskillen – Sligo –Galway

Etter frukost denne dagen tek vi fatt på turen vestover. Vi vil køyre via byane/landsbyane Enniskillen, Sligo til Galway. Vi vil køyre gjennom mykje flott natur og ha nokre ulike stogg undervegs.

Felles lunsj ila. dagen og middag på hotellet.

Dag 5, måndag 16. september

Aran Island, Galway på ettermiddag

I dag skal vi ut til Aran Island. Øygruppa består av tre øyar der vi skal vitje den største av dei «Inis Mór» som betyr «store øya». Ferja over går frå Ros a’ Mhíl (Roosaveal) til Cill Rónáin (Kilronan) på Aran Island. I Cill Rónáin vert det lunsj, før vi skal utforske øya med sine labyrintar av steinmurar og små vegar. Vi blir transportert til steinalderborga Dun Aengus. Dei som ønskjer det vil unne få seg ein fottur eller kanskje til og med leige seg sykkel.
Ferja går tilbake til Ros a’ Mhíl sein ettermiddag.

Felles lunsj i Cill Rónáin og middag på hotellet.

Dag 6, tysdag 17. september

Galway  – Cliffs of Moher – Dublin

Etter ein god frukost skal vi i dag krysse Irland på tvers, men fyrst skal vi vitje Cliffs of Moher – eit landemerke i Irland. På turen til Dublin vert det også nokre stogg undervegs.

Felles middag på hotellet.

Dag 7, onsdag 18. september

Dublin

I dag skal vi bruke dagen på å bli kjent med Dublin. Primært til fots, men her finner også «hop on hop off- bussar». Vi skal vitje Trinity Collegue, sjå Molly Malone- statue, vandre gjennom Tempel Bar- kvartala, vitje Christ Church og Dublin Castle. Dag Lindebjerg har som vanleg mykje kunnskap han vil dele med oss. Deler av ettermiddagen vil bli til fri disposisjon.

Felles middag på kvelden.

Dag 8, torsdag 19. juli

Heimreise
Flyet heimover går kl. 12.35 via Oslo (landar i Oslo kl. 15.50) til Bergen. Ankomst Bergen kl. 18.35.