Hebridene , med ein smak av Skottland 12.-19. juli 2019

-med Dag Lindebjerg –

  • Dato

    12.07.2019

  • Lokasjon

    Hebridene

  • Avreise frå

    Bergen

  • Lengd

    8 dagar

  • Pris

    Kr 20.980,-

  • Tillegg for enkeltrom

    Kr 3400,-

Det er National Geographic sin påstand at Hebridene ligg «på kanten av verda». Øygruppa som vert omtala som indre- og ytre Hebridene består av over 500 større og mindre øyar. I underkant av 100 av desse har busetnad. På vår tur skal vi gjere oss kjende med Ytre Hebridene. Det er dramatiske geologiske omveltingar som har forma øyriket som tidlegare tilhøyrde Norge, men som no høyrer til Skottland. Ilag med Dag Lindebjerg skal vi vitje fleire av øyane, lære litt om historia, samt oppleve kulturen og folket. Han vil med sin fengjande forteljarkunst dele sin kunnskap om både 6000 år historie og kvardagslivet i dag.

Om du ønsker kan du bestille reisa direkte her, eller ta kontakt for meir informasjon på Travelnet Fjordane Reisebyrå.

Turpris kr 20.980,-

Depositum kr 3000,- per person må betalast ved bestilling. Restbeløp vert fakturert 6-8 veker før avreise.

kr 3.000,00

4 på lager

Namn på reisande 1

Du må fylle ut dette feltet.
Du må fylle ut dette feltet.
This field can't be Empty
This field can't be Empty

Vel ta reisande før du trykkjer «Legg i korga». Kjøpet vert ikkje gjennomført før du har fullført bestillinga på neste side. 

Prisar

TurprisKr. 20.980,-
Tillegg for enkeltromKr. 3400,-

Inkludert i prisen:

  • Flyreise Bergen – Aberdeen – Bergen
  • Fly Aberdeen – Stornoway
  • Flyskattar og avgifter, pr. 01. november 2018
  • Transferbuss og annan busstransport Scotland/ Hebridene
  • 7 netter i delt dobbeltrom med frukost
  • Ferjebillettar som skissert i programmet
  • Inngangsbillettar i samsvar med program
  • Middag som skissert i programmet
  • Lunsj som skissert i programmet
  • Kjentmann Dag Lindebjerg
  • Turleiar frå Travelnet Fjordane Reisebyrå

Dag 1, fredag 12. juli

Flyturen går frå Flesland kl. 08.45 direkte til Aberdeen med ankomst kl. 09.05 (lokaltid) og avreise vidare frå Aberdeen i buss til Inverness. På vegen dit får vi oppleve litt av Skottland, samt ete lunsj. Etter innsjekk vil det bli ein liten rusletur.
Felles middag på hotellet.

Dag 2, laurdag 13. juli

Etter ein god frukost set vi oss i bussen og køyrer mot Isle of Skye. Utfyllande program kjem når dette er klart.

Dag 3, søndag 14.juli

Rundtur vestover på Lewis
Denne dagen vert det rundtur vestover på Lewis. Vi skal vitje restane av gamle bustadar, Vikinglandsby, Calanais Standing Stones og mykje meir. Dag Lindebjerg tek oss med rundt og delar raust av sin kjennskap til øyane og historia. Det vert felles lunsj på turen.
Felles middag på kvelden.

Dag 4, måndag 15.juli

Bli kjent i Stornoway og rundtur nord på Lewis.
Etter ein god frukost skal vi sjå litt meir av Stornoway. Både Rådhuset, Harris Tweed- utsal og Stornoway Smokehouses står på lista vår i Stornoway. Kl. 12.00 reiser vi med bussen nordover på ein liten rundtur. Vi skal mellom anna vitje Port Ness.
Det blir lunsj undervegs. Felles middag på hotellet.

Dag 5, tysdag 16.juli

Køyre Hebridene på langs
Etter frukost set vi kursen sørøver, i dag skal vi køyre store delar av Hebridene på langs. Vi passerer mellom anna dei fantastiske strendene på Harris, vi skal krysse ”Sound of Harris” med ferje, køyre over øyene North Uist, Benbecula og South Uist. Heilt sør på øyan South Uist skal vi overnatte to nettene på gjestehuset Polochar Inn.
Felles lunsj undervegs og middag på Polochar Inn.

Dag 6, onsdag 17.juli

Barra – Vatersay
Ny dag, ny øyar. I dag reiser vi over til Barra, ei av dei to sørlegaste øyane der det endå bur folk på Hebridene. Her skal vi vitje Castlebay «hovudstanden» på Barra -i vika her ligg også Kisimul Castle. Vi køyrer også over til Vatersey, samt vitjar flyplass- stranda m.m.
Felles lunsj undervegs og middag på Polochar Inn.

Dag 7, torsdag 18. juli

Ferje over til «fastlands» Scotland og nordover langs Caledonian kanalen.
Tidleg avreise og ferje over til fastlands-Scotland. Vi køyrer gjennom flott landskap, vitjar mellom anna Fort Williams, Urquhart Castle, Loch Ness og sjøormsenteret. Vi skal bruke heile dagen i vårt eige tempo.
Felles lunsj under vegs og overnatting på Inverness Palace Hotel og Spa. Felles middag tysdag kveld.

Dag 8, fredag 19.juli

Inverness – heimreise
Tid for å pakke kofferten, tid for heimreise.
Etter ein god frukost i Inverness går turen i retning flyplassen, med nokre stogg undervegs. Det blir mellom anna stogg på Glenfiddich. Lunsj under vegs.
Avreise frå frå Aberdeen kl. 18.40 direkte til Bergen, ankomst kl. 20.55 (norsk tid