Hagetur til England 28.mai- 3. juni 2019

  • Dato

    28.05.2019

  • Lokasjon

    England

  • Avreise frå

    Bergen Flesland

  • Lengd

    7 dagar

  • Pris

    Kr. 14.990,-

  • Tillegg for enkeltrom

    Kr 3575,-

Hagetur til eit av dei vakraste områda i England. Området strekkjer seg over fem distrikt, som alle har sine gullkorn. Her finn vi pittoreske små byar og utallige hagar som verkeleg er verdt eit besøk. Cotswolds ligg nordvest for  Oxford, ca 2 timar frå London, og her finn vi ei god blanding av natur, historie og moderne britisk liv.
I tillegg besøk i  hagar og slott, skal vi på denne turen innom Churchill og Shakespare sine barndomsheimar, og vi kanskje tek vi ein tur innom puben der Father Brown serien hadde sine innspelingar.

Om du ønsker kan du bestille reisa direkte her, eller ta kontakt for meir informasjon på Travelnet Fjordane Reisebyrå.

Turpris kr 14990.-

Depositum kr 2500,- per person må betalast ved bestilling. Restbeløp vert fakturert 6-8 veker før avreise.

kr 2.500,00

12 på lager

Namn på reisande 1

Du må fylle ut dette feltet.
Du må fylle ut dette feltet.
This field can't be Empty
This field can't be Empty

Vel ta reisande før du trykkjer «Legg i korga». Kjøpet vert ikkje gjennomført før du har fullført bestillinga på neste side. 

Prisar

TurprisKr. 14990.-
Tillegg for enkeltromKr. 3575.-

Inkludert i prisen:

  • Reise frå Bergen til Gatwick og retur
  • Skatt og avgift
  • Transferbuss, og buss på utflukter iflg program
  • 2 kolli innsjekka bagasje à 20 kg
  • setereservasjon
  • 6 netter i delt dobbeltrom iflg program
  • 6 frukost, 6 middag, 2lunsj ,1 afternoon tea
  • Lokal guide  og omvisning  iflg program
  • Audioguide iflg program
  • Inngangsbillettar iflg program
  • Reiseleiar frå Travelnet Fjordane Reisebyrå

Dag 1, tysdag 28.mai

Bergen- London- Cheltenham
Vi reiser frå Bergen Flesland til London Gatwick. Her ventar transferbuss som tek oss vidare på reisa. Vi skal ha vårt første hagebesøk på Highgrove Gardens. Dette er Prince Charles og Hertuginne Camilla sin private eigedom, der Prince Charles i stor grad har utforma hagen og det rike utvalet av økologiske avlingar. NB All filming med mobil eller kamera er forbudt på denne eigedomen.  https://www.highgrovegardens.com
Vi nyt ein god lunsj her før vi ser oss om. Vi reiser så vidare til hotellet vårt Hotel Jury`s Inn i Cheltenham , her skal vi bu i fem netter.
Felles middag på hotellet
Cheltenham ligg i utkanten av Cotswolds, og etter at det i 1716 vart funne mineralvasskjelder her, har dette vore ein kurstad og turistreisemål. Den store tilstrøyminga av turistar har gjort byen til ein velståande handelstad, med Cavendish House som den mest kjende butikken.

Dag 2, onsdag 29. mai

Sudeley Castle & Hidcote Manor
Etter frukost tek vi fatt på utflukta, som går austover. Vi køyrer til den kjende Sudely Castle and Gardens. Her får vi omvisning i slottet og hagane.
Vi reiser vidare til Chipping Campden, ein pittoresk by i Cotswolds stil. Det vert tid for å rusle rundt i byen, som er kjend for den elegante hovudgata med bygningar frå 1300- til 1600-talet. Chipping kjem frå det gammalengelske ordet cēping, som tyder «marknad» som ein også finn i fleire andre stadnamn. Her finn vi den lokale puben Bakers Arms, der serien om Father Brown hadde innspelingar. Kanskje er det her du vil ha lunsjen i dag?
Turen vidare går til Hidcote Manor Gardens, ein av dei mest kjende hagane i England.
Hagen ligg høgt  oppe i Cotswold Hills, og er ein frodig hage full ulike blomster uansett årstid. Her kan du vandre rundt i de ulike hageromma, oppdage sjeldne busker og tre, og bli kjend med ein hage som har hatt stor innverknad på hagehald i England
Hagen er grunnlagd av den kjende hagearkitekten Lawrence Johnston, som reiste jorda rundt for å få inspirasjon. Tilbake på hotellet er det felles middag

Dag 3, torsdag 30. mai

Stratford upon Avon – Cotswolds destilleri
Ny dag, nye opplevingar. William Shakespare vart fødd i Stratford-upon –Avon i 1564, og byen er av den grunn ein populær turistby. Vi skal besøke plassen der han var fødd, og får elles god tid til å rusle mellom butikkar, restaurantar og kafear.
Sør for Stratford-upon-Avon ligg Cotswold Destilley, som var det første gin- og whiskey destillery i området. Vi blir guida rundt i destilleriet, for å  oppleve prosessen med å lage whiskey og gin. Vi avsluttar med smaksprøver av dei edle dråpane.
Felles middag på hotellet om kvelden

Dag 4, fredag 31. mai

Blenheim Palace & Kifstgate Court Gradens
I dag skal vi til Blenheim Palace, der Winston Churchill vart fødd og budde.
Blenheim vart reist i åra 1705 til 1722, i den kortvarige stilen engelsk barokk. Blenheim var opprinneleg meint som ei gåve til John Churchill, 1. hertug av Marlborough, etter at han gjorde ein framifrå innsats i krigen mot Frankrike. Slottet er i dag på verdsarvlista, og eit av  England sine mest kjende slott.
Vi reiser vidare til Kifstgate Court Gardens, som er ein romantisk og særeigen hage i England. Hagane, kjent for sine roser, er dyrka fram av tre generasjoner av kvinnelege gartnarar. Det starta med  Heather Muir på 1920-tallet, og Diany Binny heldt fram frå 1950, og er no i eige av Anne Chambers og hennar ektemann.
Utflukta i dag vert avslutta med besøk i Broadway, ein sjarmerande by der vi mellom anna skal smake på Fish & Chips.

Dag 5, laurdag 01.juni

Glouchester & Afternoon tea
Vi skal gjere oss meir kjend i  Glouchester der lokal guide tek oss rundt i byen. Gloucester vart grunnlagd i år 97 av romerane. Den kjende  Gloucesterkatedralen, som i byrjinga var eit kloster via til apostelen Peter, vart grunnlagt i år 681. For mange er katedralen kanskje mest kjent for at fleire scener i filmane om Harry Potter er spela  inn der. I dag blir det afternoon tea på Lily`s.

Dag 6, søndag 2.juni

Cheltenham- London

Det er tid for å reise frå Cheltenham. Turen går til London og Chelsea.
Vi avsluttar hageturen i England med eit besøk i flotte Kew Royal Botanical Garden https://www.kew.org
Innsjekk på hotel Clayton Hotel Chiswick  der vi skal bu siste natta. Felles middag på hotellet

Dag 7, måndag 3.juni

London- Bergen

Tidleg avgang, vi vert henta av transferbuss som tek oss til Gatwick. Heimreise til Bergen, Norwegian har avgang kl. 10.50 og kjem til Bergen Flesland kl. 13.45