Finland - meir enn "tusen sjøar"! 5.-13. august 2019

-Med turleiar Anne Henden-

  • Dato

    05.08.2019

  • Lokasjon

    Finland

  • Avreise frå

    Førde

  • Lengd

    9 dagar

  • Pris

    Kr. 16550,-

  • Tillegg for enkeltrom

    Kr 2890,-

  • Tillegg for single utvendig lugar

    Kr 480,-

Grannelandet i aust, Finland, er for mange eit ukjent reisemål. Vi skal på denne turen oppleve noko av den finske kulturen og naturen. Med hovudbase i Helsinki, tek vi utflukter både mot nord og aust. I tillegg til å bli kjend med Helsinki, skal vi ha ein dag i Stockholm.

Velkomen på tur!

Om du ønsker kan du bestille reisa direkte her, eller ta kontakt for meir informasjon på Travelnet Fjordane Reisebyrå.

Turpris kr 16550,-

Depositum kr 2500,- per person må betalast ved bestilling. Restbeløp vert fakturert 6-8 veker før avreise.

kr 2.500,00

Namn på reisande 1

Du må fylle ut dette feltet.
Du må fylle ut dette feltet.
This field can't be Empty
This field can't be Empty

Vel ta reisande før du trykkjer «Legg i korga». Kjøpet vert ikkje gjennomført før du har fullført bestillinga på neste side. 

Prisar

TurprisKr. 16550,-
Tillegg for enkeltromKr. 2890,-
Tillegg for single lugar utvendigKr. 480,-

Inkludert i prisen:

  • Turbuss frå Firda Billag
  • 2 netter i delt utvendig lugar på båtreise
  • 6 netter i delt dobbeltrom på hotel som skissert
  • 8 frukost, 5 lunsj, 6 middag
  • Lokale guidar som i program
  • Inngangsbillettar som i program
  • Turleiar frå Travelnet Fjordane Reisebyrå

Dag 1, måndag 5. august

Første dag går med buss frå Førde, over Hemsedal. Lunsjstogg på Gol, vidare forbi Oslo før vi passerer grensa mot Sverige der vi skal ha overnatting i Arvika. Felles middag på hotellet i Arvika.
Stogg undervegs for å strekke på beina .

Dag 2, tysdag 6. august

Vi nyt ein god frokost før turen går vidare til Stockholm og Viking Line terminalen.
Viking Line har avgang kl. 16.30 , og set kursen mot Helsinki.
Om bord er det ein rikhaldig traxfree butikk, fleire restauranter og barer, det er berre å nyte overfarten. Vi har felles middag om bord.

Dag 3, onsdag 7. august

Innseglinga til Helsinki er vakker, med sine mange holmar og skjer. Klokka er passert 10 lokal tid når vi legg til kai (mrk. still klokke, ein time før norsk tid).
Vi legg også merke til Sveaborg festninga, som ligg på øyane ved innseglinga til byen. Dette er eit av verda sine største kystfort, også kalla Nordens Gibraltar. I dag  bur det i underkant av 1000 personar i dei historiske bygningane , som mellom anna også har ein barneskule.
Finland sin hovudstad er ein livleg kunstby, omkransa av vakre øyer og grøne parker. Byen har stort utval av designbutikkar, og vart valt til verdens designhovudstad i 2012
Det vert god tid til å utforske dette under opphaldet i Helsinki . Guide ventar på oss, og tek oss med på ein rundtur i byen. Vi skal bu sentralt, på Scandic hotel Grand Marina, og vi sjekkar inn etter ein god lunsj. Resten av dagen til eigen disposisjon, turleiar er tilgjengeleg. Felles middag på hotellet.

Dag 4, torsdag 8.august

Etter frukost set vi turen mot Lahti, byen som er inngangsporten til dei mange tusen sjøane i landet. For mange er den mest kjend som staden med dei svære hoppbakkane der skiflygarane har sveva ned til rekordlange hopp. Men byen har mykje anna å by på, mellom anna  det store Sibelius konserthuset.
Lokalguide tek oss rundt i byen, vi skal innom motorsykkel museum og vi skal til idrettsparken. Det vert tid til  ein god lunsj før vi tek fatt på heimturen. På vegen tilbake til Helsinki,  stoggar vi ved  Iittala fabrikken, glasfabrikken som har fått namnet sitt etter byen, der det heile starta i 1881. Mange kjenner nok Savoy-vasen som vart teikna av Alvar Aalto i 1936, og som framleis er i produksjon. Det vert høve til ein god handel her.
Tilbake i Helsinki  er kvelden til eigen disposisjon

Dag 5, fredag 9.august

Turen i dag går til Tammerfors. Byen ligg mellom innsjøane Näsijärvi og Pyhäjärvi, og er historisk sett den første og største industribyen i Finland. Byen hadde eit stort potensial for vasskraft, og i 1820 åra vart denne nyttegjort av James Finlayson bommulsfabrikk, som då markerte starten på den finske tekstilindustrien. Vi  får  omvisning på dette fabrikkområdet, som i dag er museum.
Vi får også høve til å handle på Finalyson butikken, som ligg i nærleiken. Her er bommullstoff i metervis, sengetøy, handkle m.v., alt for den kjøpelystne. Vi skal ha ein god lunsj før vi fortset å utforske byen. Neste stogg er Mummi museet som vart opna i 2017. Tove Jansson sine fortellingar er kjende og kjære. Her får vi høyre om livsverket, og historia hennar.
Tilbake i Helsinki er kvelden til eigen disposisjon, turleiar er tilgjengeleg.

Dag 6, laurdag 10. august

Etter ein god frukost, legg vi turen mot Vantaa, vi skal innom Fazer fabrikken. Vi får omvisning, og får historia om denne kjende sjokoladefabrikken. Her vert det rikelig høve til å smake og handle søtsaker. Vidare skal vi til den nest eldste byen i Finland, Borgå. Byen vart grunnlagd på 1380 talet, og den vart ein viktig hamneby for hansahandelen.
Gatene og domkyrkja stammer frå middelalderen, og på 1700 talet var Borgå ein av dei største byane i Finland. Det vert tid for å kjøpe seg litt mat før vi reiser attende til Helsinki der Viking Line ventar på oss. Det er tid for å sjekke inn og ta fatt på turen til Stockholm, skipet har avgang frå Helsinki kl.17.30.  Felles middag om bord.

Dag 7, søndag 11.august

Medan vi et frukost, krusar vi inn til Stockholm der skipet legg til kai kl 10.00. I land blir vi møtt av lokal guide som skal vere med oss denne dagen Første stogg er Vasamuseet.
Her kan vi sjå alt som vart funne frå Regalskipet Vasa som sokk ved Beckholmen, same dag som det vart sjøsett, i 1628, og berga i 1961. Ein stor turisattraksjon
Vidare skal vi til Gamla Stan og til Abba Museet. Ein rikhaldig dag før vi sjekkar vi på vårt hotel for natta; Scandic Grand, Stockholm. Vi nyt ein god lunsj på ein høveleg stad
Felles middag på hotellet.

Dag 8, måndag 12. august

Det er tid for å reise tilbake til heimlandet. Etappa i dag er frå Stockholm til Oslo.
Undervegs stoggar vi for lunsj , og kanskje ein god handel på grensa.
Vel framme i Oslo sjekkar vi inn på Clarion hotel Børsparken. Felles avslutningsmiddag på ein restaurant i nærleiken av hotellet. Kanskje vert det ein rusletur i byen før vi tek kvelden.

Dag 9, tysdag 13.august

Vi er komen til siste dagen på turen. Reisa går den «vanlege vegen» over Hemsedal, mot Sogn og Fjordane. Vi har lunsjstogg på Gol, og er framme i heimfylket tidleg på kvelden