Færøyene 26. juni - 1. juli 2019

-I vikingane sine fotefar med Dag Lindebjerg som kjentmann-

  • Dato

    26.06.2019

  • Lokasjon

    Færøyane

  • Avreise frå

    Bergen

  • Lengd

    6 dagar

  • Pris

    Kr. 18.260,-

  • Tillegg for enkeltrom

    kr 2990.-

60 mil vest for Bergen dukkar Færøyane opp av havet. Eit eventyrleg øyrike  som ligg berre ein god times flytur frå Norge. For 5. året arrangerer vi tur over til desse øyane i vest. Med Dag Lindebjerg som kjentmann skal vi oppleve kulturen, maten og naturen. Vi køyrer fleire av øyane på kryss og tvers, samt at vi legg opp til nokre fjellturar om været tillét det. Færøyane som består av 18 øyar er «toppen» av ei fjellkjede, ei undersjøisk fjellkjede. Slettatindur med sine 880 m.o.h. er det høgste av fjella og eit av turmåla vi ønskjer å ta deg med på. Elles står både øya Koltur, Torshavn og  kongsgarden på Kyrkjebøur på menyen.

Om du ønsker kan du bestille reisa direkte her, eller ta kontakt for meir informasjon på Travelnet Fjordane Reisebyrå.

Turpris kr 18260,-

Depositum kr 2500,- per person må betalast ved bestilling. Restbeløp vert fakturert 6-8 veker før avreise.

kr 2.500,00

Namn på reisande 1

Du må fylle ut dette feltet.
Du må fylle ut dette feltet.
This field can't be Empty
This field can't be Empty

Vel ta reisande før du trykkjer «Legg i korga». Kjøpet vert ikkje gjennomført før du har fullført bestillinga på neste side. 

Prisar

TurprisKr. 18.260.-
Tillegg for enkeltromKr. 2990.-

Inkludert i prisen:

  • Flyreise Bergen – Torshavn t/r
  • Flyskattar og avgifter
  • 1 kolli innsjekka bagasje à 20 kg
  • Transferbuss og annan busstransport
  • 5 netter i delt dobbeltrom med frukost
  • Utflukter i samsvar med program
  • Lokal guide som i program
  • Middag som skissert i program
  • Lunsj som skissert i program
  • Kjentmann Dag Lindebjerg
  • Turleiar frå Travelnet Fjordane Reisebyrå

Dag 1, onsdag 26.juni

Ankomst Torshavn

Vi reiser med Atlantic Airways frå Flesland/Bergen kl. 21.55 til Færøyane. Ankomst Vágar kl. 22.15 lokal tid. Her venta buss for transport til overnattingsstaden Hotel Torshavn midt i sentrum av byen for innsjekking. Hotellet har laga til ein «matpakke» til oss. Denne kan ein ta med på rommet? Eller ete i området ved baren.

Dag 2, torsdag 27. juni

Koltur, Hestur og Kirkjubøur 

Etter frukost pakkar vi tursekken. RIB-båtar skal frakte oss over til Koltur. «Koltur» betyr folen. Dag Lindebjerg er spesielt begeistra for denne øya, med urøyvde kulturlandskap. Ute på øya blir vi møtt av Bjørn og kona Lukka -dei to som no driv garden på Koltur. Vi får sjå oss rundt i husa, og håpar veret tillet ein fjelltur. Det vert også RIB- tur rundt øya Hestur- den litt større naboøya denne dagen. Båtturen endar på storgarden Kirkjubøur -garden der vår eigen Kong Sverre har vokse opp.
Lunsj undervegs denne dagen og felles middag i Torshavn på kvelden.

Dag 3, fredag 28.juni

Sørvagur og Gåsadalur –halvdagsutflukt-

I dag går turen til «flyplassøya» Vagar. Vi skal mellom anna vitje den vesle bygda Sørvagur og lakseprodusenten Hiddenfjord. Vidare går turen utom bygda Gásadalur og om veret tillèt det vil vi sjå Tindholmen. I dag nyt vi medbrakt lunsj.

Felles middag i Torshavn på kvelden.

Dag 4, laurdag 29. juni

Rundtur i nordaust Gjogv og Slettatindur.

Etter frukost pakker vi på ny tur-sekken før vi blir henta med buss. Turen går nordover på øya Streymoy, over til øya Eysturoy. Vi skal på Slettatindur – Færøyane sitt høgste fjell. Etter fjellturen vert det sein lunsj i Gjogv. Gjogv som har ei praktfulle naturhamna og landskap med fasinerande klipper og fjell.

På ettermiddagen tar vi buss heimover til Torshavn.

Felles middag på kvelden.

Viktig: I havna i Torshavn er det konsert denne laurdagen. Sidan vi bur på Hotel Torshavn midt i sentrum må vi derfor rekne med at vi høyrer musikken og livet i sentrum denne kvelden/ natta.

Dag 5, søndag 30. juni

Vidareidi og Klaksvik, Gøta

Ny dag, nytt fjell. I dag går turen nordover igjen. Denne gangen forbi bygda Gøta, over til øya Bordøy, gjennom hovudstaden i nord Klaksvik og over til øya Vidøy. I bygda Vidareidi møter vi den lokale dama Elizabeth som har smurt matpakkar til oss, desse kan komme godt med på dagens fjelltur på Villingadalsfjellet. Etter turen vert det lunsj hos Elizabeth på Matstovan i Vidareidi. På veg tilbake til Torshavn vert det eit par stogg, mellom anna i Klaksvik og Gøta.

Felles middag i Torshavn søndag kveld.

Dag 6, måndag 1.juli

Heimreise

Bussen går frå hotellet kl. 05:00  for transfer til Vagar flyplass. Vi tek farvel med Torshavn – for denne gang.
Avreise frå Færøyane kl. 06:45, og ankomst Bergen  Flesland kl. 09.00

Velkomen til minnerike dagar på Færøyane!

Til informasjon

Vi tek atterhald om endringar i programmet!
Endringar på utflukter vil også kunne skje undervegs, då vi må ta omsyn til veret. 


Om festival Voxbotn:

Tilbyder rockmusik og moderne pop
Dansen på brygga(som også er i festivalområdet) er hyggelig dansemusik
til de mere modne publikum. Festivalen er den 29.juni
og starter midt på eftermiddage og varer til ud på natten