Dansehelg på Oset med Austrheim Musikklag 20.-22. september 2019

  • Dato

    20.09.2019

  • Lokasjon

    Oset Høyfjellshotel

  • Avreise frå

    Sandane

  • Lengd

    3 dagar

  • Pris

    Kr. 4925,-

  • Tillegg for enkeltrom

    Kr 400,-

Når du kjem opp i fjellheimen om hausten blir du møtt av dei vakre haustfargane raudt, gult, saman med røsslyng og den lyse reinlaven. Dette i flott kontrast med den grålege fjellet. Oset Høyfjellshotel ligg vakkert til ved Tisleiafjorden med utsikt over Golsfjellet, Stølsvidda, Jontunheimen og Hemsedalsfjella, og er omkransa av eit herleg turterreng.

Også i år inviterer Austrheim Musikklag til tur saman med dei, der dansemusikk og «fårefestival» på Gol blir flotte rammer for ei triveleg hausthelg.

Om du ønsker kan du bestille reisa direkte her, eller ta kontakt for meir informasjon på Travelnet Fjordane Reisebyrå.

Turpris kr 4925,-

Depositum kr 1000,- per person må betalast ved bestilling. Restbeløp vert fakturert 6-8 veker før avreise.

kr 1.000,00

Namn på reisande 1

Du må fylle ut dette feltet.
Du må fylle ut dette feltet.
This field can't be Empty
This field can't be Empty

Vel ta reisande før du trykkjer «Legg i korga». Kjøpet vert ikkje gjennomført før du har fullført bestillinga på neste side. 

Prisar

TurprisKr. 4925,-
Tillegg for enkeltromKr. 400,-

Inkludert i prisen:

  • Turbuss frå Firda Billag
  • Ferjebillettar
  • Buss Oset- Gol t/r laurda
  • 2 netter i delt dobbeltrom
  • 2 frokost
  • 2 middagsbuffe
  • 1 lunsj på Oset Høyfjellshotel, laurdag

Dag 1, fredag 20. september

Turbussen har avreise frå Sandane ca. kl. 13.00

Vi kjem til Gol utpå ettermidagen.
Felles middag med «weekendbuffet»

Dans til Austrheim musikklag på kvelden.

Dag 2, laurdag 21.september

Etter frukost vert det høve til ein tur ned til Gol – det er den årlege «fårefestivalen».
Arrangørane skriv følgjande om arrangementet;

..Sau, gjeting, klipping, bruktmarked, boder, smalahove (?), fårikål, fårepølse, helgrillet lam, lammestek, lokale råvarer, ….og mange ullete påfunn!!
Bussen vil køyre til Gol og tilbake til hotellet til oppsett tid for dei som ynskjer å få med seg dette.

Eller kanskje du heller vil nyte haustfjellet, og ta ein gåtur?
Det vert servert felles lunsj på hotellet, samt «weekendbuffet» på kvelden.
Dans til Austrheim Musikklag på kvelden.

Dag 3, søndag 22.september

Vi et ein god frokost før vi pakkar oss inn i bussen og tek fatt på heimturen.