Blomstertur til Flor og Fjære, 24.-27. jun 2019

-med turleiar Anne Henden-

  • Dato

    24.06.2019

  • Lokasjon

    Stavanger

  • Avreise frå

    Sandane

  • Lengd

    4 dagar

  • Pris

    Kr. 8700,-

  • Tillegg for enkeltrom

    Kr 1700,-

Fargerike, blomstrande Flor og Fjære. Vi skal igjen til dette fantastiske hageanlegget som ligg på øya Hidle nord for Stavanger, og som stadig blir utvikla og utvida. Her kan du finne nye idear til din eigen hage, eller du kan rusle omkring og berre  nyte synet av blomsterprakta i denne flotte hagen. Vi skal i tillegg til LitleOla tunet på Fitjar. Vi avsluttar med eit besøk i ein hage på Stord,  før vi til slutt skal  på Troldhaugen, Edvard Grieg sin barndomsheim.

Om du ønsker kan du bestille reisa direkte her, eller ta kontakt for meir informasjon på Travelnet Fjordane Reisebyrå.

Turpris kr 8700,-

Depositum kr 1500,- per person må betalast ved bestilling. Restbeløp vert fakturert 6-8 veker før avreise.

kr 1.500,00

Namn på reisande 1

Du må fylle ut dette feltet.
Du må fylle ut dette feltet.
This field can't be Empty
This field can't be Empty

Vel ta reisande før du trykkjer «Legg i korga». Kjøpet vert ikkje gjennomført før du har fullført bestillinga på neste side. 

Prisar

TurprisKr. 8700,-
Tillegg for enkeltromKr. 1700,-

Inkludert i prisen:

  • Buss frå Firda Billag
  • Ferje
  •  3 netter i delt dobbeltrom med frukost
  •  Lunsj og kveldsmat som skissert i programmet
  •  Inngangsbillett Fjor og Fjære
  •  Lokal guidar som i program
  • Konsertbillett Troldhaugen
  •  Turleiar Anne Henden

Dag 1, måndag 24.juni

Sandane – Førde – Stavanger

Vi starter frå Sandane Rutebilstasjon kl. 08.00. Dagens etappe skal ta oss heilt fram til Stavanger. Ei lang etappe, men det vert lunsj undervegs og der er tid til kaffi (om du vil kjøpe deg det) på ferjene undervegs.
Frå Sandane køyrer bussen til Lavik der det vert ferje over til Oppedal, vidare fortset vi på E39 sørover til Os. Neste ferje på ferda vår sørover er Hallhjem – Sørvikvåg, siste ferje er Arsvågen Mortavika. Framme i Stavanger sjekkar vi inn på hotellet vårt Clarion Hotel Skagen Brygge – eit flott utgangspunkt for dagane våre her nede.
Kveldsmat – på kvelden serverer hotellet vårt kveldsbuffet – med suppe, salat og ein varmrett.
Vi et kveldmåltid samla kl. 20.00.

Dag 2, tysdag 25.juni

Stavanger – Flor og Fjære

Etter frukost skal vi ut på ei lita sentrumsvandring. Stavanger by har mange flotte hus og koselige gater. Kl. 12.00 går båten vår ut til Flor og Fjære, der skal vi på omvising og ete middag. Det flotte hageanlegget til familien Bryn er blitt svært så populært og tusenvis strøymer til øya i løpet av sesongen.  Det blir god tid til å gå rundt på eiga hand før båten går tilbake til Stavanger. I Stavanger vil det også vere tid til å rusle litt i byen på eigahand eller om ein heller vil slappe av på hotellet er dette også mogeleg. Hotellet vårt serverer dagleg kaffi og te, med bakverk til mellom kl. 15.00 og 18.00. Det vert også servert kveldsbuffet mellom kl. 18.00 og 21.00  – med suppe, salat og ein varmrett.  Vi et samla kl. 19.30.

Dag 3,onsdag 26.juni

Stavanger – Bergen
Etter frukost reiser vi nordover att. Vi tek ferje Mortavika – Arsvågen, vidare nordover til vi kryssar Bømlofjorden, her tek vi av frå E39 retning Fitjar. I dag skal vi vitje Reidun – ei dame som lever ut draumen sin – som i 2018 opna gartneri heime på garden sin «LitleOla Tunet». Her produserer ho plantane sjølv og deler hjarteleg av si hageglede med andre.
For å gje oss eit bilete på storleiken hos Reidun; Når sommarsesongen 2018 avslutta i september var gartneriet på ca. 900m2 og hagen er på ca. 300 m2. Kun fem minutt å køyre frå gartneriet og «LitleOla Tunet» finn vi dagens lunsjstogg, PS Bryggekafé. Kafeen ligg flott til på brygga og dei er kjende for sin heimelaga mat og sitt gode surdeigsbrød. I same huset finn vi også to andre gründerforretningar, desse er det høve til å vitje medan vi er her. Les om dei to på heimesidene deira . Etter ein god stogg her køyrer vi siste stykket til Bergen, der vi reknar med å vere framme ca. kl. 17.30. Vi sjekkar inn på Thon Hotel Rosenkrantz. Her kan ein slappe av eller vere med Anne på ein rusletur i byen. Kveldsmåltid – også her serverer hotellet vårt kveldsbuffet mellom kl. 18.00 og 21.00. Vi et samla kl. 19.30.

Dag 4, torsdag 27.juni

Bergen – Stord – Troldhaugen – Førde – Sandane

Etter frukost sjekkar vi ut frå hotellet og køyrer i retning Stord. Vi skal vitje Harald Kårtveit som har Kårtveit Hage og Anlegg, eit lite aboret med ei samling av ca. 1500 rhododendron. Hagen er stor og har mange fine «rom», mykje fint steinarbeid og tre dammar med. Anlegget vart starta på i 1978 og er stadig under utvikling. Etter at vi forhåpningsvis har teke med oss mykje inspirasjon herifrå går turen tilbake til Bergen og til Troldhaugen – Troldhaugen var heimen til Edvard og Nina Grieg. I dag består den av den gamle Villaen, Komponisthytta og ekteparet Griegs grav, i tillegg er der bygd eit moderne museumsbygg og ein konsertsal. Vi skal oppleve både husa, delta på lunsjkonsert og få servert lunsj før vi vender heimover. Vi bereknar ankomst Førde ca. 19.00 og ankomst Sandane ca. kl. 21.00

Bildet: kreditert Edvard Grieg museum, Troldhaugen