Her finn du informasjon om korleis Fjordane Reisebyrå samlar inn og bruker informasjon om besøkande på våre nettsider.

Informasjonskapslar (cookies)

Når du besøker heimesida vår, vil nettlesaren din laste ned informasjonskapslar. Du kan seie nei til lagring av informasjonskapslar, men det kan gjere at nettsidene ikkje fungerer optimalt.

Analyseverktøy

Vi nyttar Google Analytics for å samle statistikk på nettsidene våre slik at vi får innsikt i korleis vi kan gjere nettsidene betre. IP-adresser blir ikkje lagra og det er ikkje mogeleg for oss å knytte besøksstatistikk opp mot den enkelte besøkande.

Informasjon i elektroniske skjema

Vi samler inn og behandler personopplysingar for at vi skal kunne oppfylle vår avtale med våre kundar (administrering av kundeforhold),  yte god service, informere om våre produkt og tenester (marknadsaktivitetar). Bruk av opplysingar i forbindelse med marknadsaktivitetar er basert på samtykke og du vil få meir informasjon i samtykkeerklæring.

Opplysingar vi registrerer er namn, telefonnummer, e-postadresse, postadresse. Kredittkortopplysingar blir kryptert. Ungdomsbillettar krev fødselsdato. Innreise til USA og Canada krev fødselsdato og passnummer. Vi hentar opplysingane frå den registrerte sjølv.

 

Dersom du ikkje ynskjer at vi lagrar informasjon om deg, ta kontakt med fjordane@travelnet.no

Rettigheiter

Alle har rett til å krevje innsyn i kva opplysningar som blir behandla, korleis og til kva formål etter personopplysningslova §18, 1.ledd. Alle har også rett til å krevje retting, sletting og overføring av data samt avgrensing i behandling av personopplysingar ut i frå lovgivinga.

Kontaktinformasjon

e-post: fjordane@travelnet.no

Telefon: (+47) 577 25 070

Postadresse: Fjordane Reisebyrå, Postboks 103, 6801 Førde