Ledig 80 % fast stilling ved Førde Lufthamn, Bringeland.

Travelnet Fjordane Reisebyrå har hovudkontor i Førde og avdelingskontor på Sandane.
Travelnet Fjordane Reisebyrå utfører ekspedisjonstenesta for Widerøe Flyselskap på Førde Lufthamn, Bringeland.
Selskapet er ein del av Firda Billag-gruppa.

Vi har ledig 80 % fast stilling ved Førde Lufthamn. Skiftarbeid.

Arbeidsoppgåver:
• Innsjekk av passasjerar
• lasting og lossing av bagasje og frakt
• Av-ising og tauing av fly
Kvalifikasjonar:
• Evne til å jobbe strukturert og nøyaktig med utprega serviceholdning
• Gode norsk og engelsk-kunnskapar
• Sertifikat for personbil (klasse B)
• Over 20 år
• Plettfri vandel
• Kjennskap til booking systemet Amadeus er ein fordel
Lønn etter tariff.

For meir informasjon om stillinga kontakt Edvard Tefre tlf. 57 71 81 50,
eller Anne Oline F. Gullaksen på tlf. 57 72 50 75 eller mail anne.oline.gullaksen@travelnet.no

Skriftleg søknad med CV sendast til anne.oline.gullaksen@travelnet.no innan 9. april 2019