Bestillingsvilkår

Betaling

Kort tid etter registrert påmelding sender Travelnet Fjordane Reisebyrå ut stadfesting av tinga tur og faktura for depositum . Depositum kan variere frå tur til tur.
Faktura for sluttinnbetaling vert sendt ut 6 – 8 veker før avreise.

Ved påmelding på nett, vert depositum betalt direkte.

Avbod

Kvar tur har sine avbodsreglar som blir sendt ut ilag med faktura for depositum.
For dei som betaler depositum ved påmelding på nett, vert dette sendt til kunde etter registrering

Avbod ved sjukdom:
Kontakt forsikringsselskap for å sjekke at avbodsforsikring er irekna privat reiseforsikring.
Om den ikkje er det, bør du ordne dette før du tingar turen. Denne forsikringa gjev den reisande rett til fritt avbod dersom det før avreise oppstår alvorleg sjukdom eller død hjå den reisande sjølv eller i den næraste familie. Det må framleggas lækjarattest.

Tilskiparen sine rettar

Tilskiparen tek atterhald om prisendring som skuldast auke i skattar og avgifter, endring i valutakursar, eller tilsvarande omstende som tilskiparen ikkje rår over.

Tilskiparen tek også atterhald om endringar som kan kome etter at katalogen er trykt, vedkomande reiserute, hotell, utfluktsprogram, reiseleiar og liknande grunna omstende som tilskiparen ikkje rår over.

Tilskiparen tek også atterhald om trykkfeil i programmet.

Tilskiparen sin rett til å annullere turen

Tilskiparen kan annullere turen om det er for få påmeldte.
Turtilskiparen kan også annullere turen dersom det kjem til utanforståande forhold som gjer det vanskeleg eller uforsvarleg å gjennomføre turen.

Klager frå den reisande

Klager over manglar undervegs (overnattingsstadar, mat, utflukter m.m.) må meldast snarast råd til turleiar. Dersom dette ikkje vert gjort, tapar den reisande klageretten.

Den reisande sine plikter

Den reisande er sjølv ansvarleg for å ha med naudsynt papir (pass, visum o.l.) for reisa.
Dersom den reisande ikkje kan ta hand om seg sjølv, eller er til sjenanse for medreisande, kan vedkomande måtte avbryte reisa undervegs og betale dei ekstrakostnader dette vil medfører. Turdeltakarar som er avhengig av hjelp, må ha med reisefølgje.

Meir utfyllande vilkår

om kva rettar og plikter som gjeld mellom den reisande og
reisetilskiparen kan den reisande få hjå Travelnet Fjordane Reisebyrå.

Kva som er irekna i turprisen:

Dette står spesifisert under kvar tur i turprogrammet.

Reiseforsikring

Alle må ha reiseforsikring. Dette ordnar du hjå ditt forsikringsselskap.

Personar som reiser åleine

Personar som reiser åleine og ikkje har nokon å dele rom/lugar med, må betale tillegg for enkeltrom eller single lugar

Europeisk helsekort

Du kan tinge Europeisk helsetrygdkort her på helsenorge.no, eller ved å ringe 800HELSE (800 43 573).
Kortet er eit prov på at du er medlem i norsk folketrygd og at du dermed har same rettane til medisinsk hjelp i eit EØS-land som innbyggarane i landet du reiser til

Annan informasjon

Oppmøtetider, avreisestad o.l. vert sendt ut ca. 2 veker før avreise .

Reiseleiar

Det ikkje er gyldig avbodsgrunn om publisert reiseleiar må melde forfall før avreise. Reisebyrået er ansvarleg for å skaffe ny kvalifisert reiseleiar til turen.